Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorPareliussen, Ingar
dc.date.accessioned2024-04-11T13:34:20Z
dc.date.available2024-04-11T13:34:20Z
dc.date.created2024-03-11T21:26:41Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.citationPareliussen, I. (2023). Hans Strøm og botanikken frå Sunnmøre, Hardanger og Eiker på 1700-talet (Gunneria 83). NTNU Vitenskapsmuseet. https://www.ntnu.no/documents/10476/66990/Gunneria83_web.pdf/c4c73250-61e9-65ac-d7f4-88f26a6cfee4?t=1710243908399en_US
dc.identifier.isbn978-82-8322-376-7
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3126164
dc.description.abstractHans Strøm var ein av dei viktigaste biologane på 1700-talet i Noreg. Han var fødd på Sunnmøre i 1726, fekk presteutdanning i København i 1743 og kom tilbake til Sunnmøre og arbeidde som kapellan i Borgund medan han la grunnlaget for og til slutt gav ut sitt største biologiske verk: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Verket gir i tillegg til planter, sopp, mosar og lav skildringar av geologi, vêr og dyr frå Sunnmøre. I tillegg skildrar han òg dagleglivet til folk i prestegjeldet. Strøm publiserer to andre tilsvarande verk frå Hardanger og Eiker. Hans Strøm levde samtidig med Linné og følgde hans nomenklatur medan den vart utvikla. Dette gjer at verka hans har ein del inkonsistensar i namnebruk og ikkje er lette å tolke til moderne namnsetting. Eg har gjort ein grundig gjennomgang av dei til saman 612 plantene han rapporterte å ha funne på Sunnmøre, i Hardanger og på Eiker. Ved å finne koplinga mellom Strøm si namnsetting, Linné sine artar og å følgje desse vidare til moderne namnsetting er nomenklaturen for alle artane oppdatert. Deretter har eg granska og tolka Strøm sine rapporterte artar for å finne ut kva Strøm fann. For mange artar har dette vore ganske enkelt, sidan namna har endra seg lite og artane som var rapportert av Strøm er vanlege artar i dei respektive områda òg i dag. Andre artar har vore meir utfordrande, og somme har det ikkje vore råd å avdekke kva Strøm eigentleg fann. Dei tre verka er presentert slik Strøm skreiv dei, også med omsyn til ortografi og teiknsetting. Eg har fletta mine tolkingar innimellom der det var naudsynt for å vise korleis eg tolka arten og namnet til moderne nomenklatur og taksonomi.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNTNU Vitenskapsmuseeten_US
dc.relation.ispartofGunneria
dc.relation.ispartofseriesGunneria;
dc.relation.urihttps://www.ntnu.no/documents/10476/66990/Gunneria83_web.pdf/c4c73250-61e9-65ac-d7f4-88f26a6cfee4?t=1710243908399
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleHans Strøm og botanikken frå Sunnmøre, Hardanger og Eiker på 1700-taleten_US
dc.typeBooken_US
dc.typePeer revieweden_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.rights.holder©2023 Forfatterenen_US
dc.source.pagenumber271en_US
dc.source.issue83en_US
dc.identifier.cristin2253621
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal