Samspel og samspelsrelasjonser hjå dei yngste borna: korleis kan ein som barnehagelærar leggje til rette for gode samspel i leiken til dei yngste borna?
Abstract
Samspel og samspelsrelasjonar er omgrep eg verkeleg har sett viktigheita av desse åra på Dronning Mauds Minne Høgskule, og spesielt i dette siste året av utdanninga der eg har hatt fordjupinga «Barndom, helse og livsmeistring». Ved å delta i undervisning og andre drøftingsoppgåver med medelevar, har eg sett viktigheita av desse tidlege samspelsrelasjonane hjå dei yngste borna, og ynskte å fordjupe meg i emnet.
Gjennom dei tre åra som student har eg fått moglegheit til å besøkje og gjennomføre praksisperiodar i ulike barnehagar. I løpet av desse 100 praksisdagane har eg sett mange ulike dømer på samspel og samspelsrelasjonar, då spesielt på småbarnsavdelingane. I denne oppgåva ynskjer eg difor å få meir kjennskap til, samt fordjupe meg i omgrepa samspel og samspelsrelasjonar mellom born, og mellom born og tilsette i barnehagen. Problemstillinga mi er følgjande:
Korleis kan ein som barnehagelærar leggje til rette for gode samspel i leiken til dei yngste borna?