Betydinga av fellesskap for born i uterommet
Abstract
Barnehagen skal ifølgje rammeplanen for barnehagen (2017, s. 26) sørge for at born som trenger ekstra støtte, tidleg får den sosiale, pedagogiske og/eller fysiske tilrettelegginga som er nødvendig for å gi barnet et inkluderande og likeverdig tilbod. Utsegna over gjorde inntrykk på meg, og eg vart derfor nysgjerrig på korleis inkludering for alle born eigentleg er i den ekte barnehagekvardagen. Eg synes også viktigheita av at alle born skal kjenne seg som ein del av bornegruppa er alfa omega. Det handlar om kva slags bornegruppe ein har og kva som er føresetnadane til den bornegruppa. I barnehagen skal borna gjennom arbeid med etikk, bidra til at borna utviklar respekt og interesse for kvarandre og forstår verdien av likskapar og ulikskapar i eit fellesskap (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 35). Betydinga av eit godt bornefellesskap er noko som alle born skal oppleve glede av. Min problemstilling for oppgåva vart derfor følgande: Korleis jobbar personalet med inkludering av born med spesialpedagogisk hjelp i uterommet?