«Musicking» i spesialpedagogisk arbeid i barnehagen
Abstract
Temaet i denne studien er «’musicking’ i spesialpedagogisk arbeid i barnehagen», med formål å kaste ljos over dei ulike mogelegheitene som ligg i å gjere musikk i møte med born med særskilde behov. Gjennom Small (1998) sitt omgrep «musicking» viser studien til eit musikksyn der den musikalske aktiviteten, å gjere musikk, står i sentrum av betydinga. Musikk er eit omgrep som alle menneske har ein relasjon og erfaring med, uavhengig av kultur, etnisitet og sosial bakgrunn. Musikken kan seiast å vere overalt, og alltid tilgjengeleg for oss, den binde menneske saman og skape samhald og fellesskap. Gjennom musikken kan ein dele ei oppleving og gjere noko saman, uavhengig av funksjonsevne. Til tross for fleire forskingsartiklar og teoretikarar som viser til dei mange mogelegheitene musikken kan syne å gje born, kan det virke som at musikkaktivitetar er eit unytta potensiale i det spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen. Dette er blant anna bakgrunnen for denne kvalitative intervjustudien, med problemstillinga:
Kva slags erfaringar har seks spesialpedagogar med å gjere musikk i møte med born med behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen?
Studien søke å belyse korleis dei seks spesialpedagogane nyttar seg av musikk i det spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen, samt korleis dei legitimere bruken av musikk. I drøftinga har eg forsøkt å heve diskusjonen på eit vitskapsteoretisk nivå, der eg set bruken av musikk i samanheng med diskusjonar omkring utvikling og læring og barndommens eigenverdi, individet og fellesskapet, inkludering og myndiggjering, musikk som mål eller musikk som middel. Funna i studien tyde på at musikkaktivitetar har eit stort potensiale i det spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen, særleg med tanke på å leggje til rette for eit inkluderande fellesskap, og å myndiggjere borna gjennom musikkaktiviteten. Studien viser også til at gjennom musikkaktivitetar kan nokre av dei polariserte diskusjonane som råde i det spesialpedagogiske og musikkvitskaplege fagfeltet foreinast, og gå i same retning.