Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSchram, Marianne
dc.contributor.advisorStordalen, Gjertrud
dc.contributor.authorSørheim, Elisabeth Kronstad
dc.coverage.spatialTrondheim, Norgeen_US
dc.date.accessioned2020-10-06T07:28:16Z
dc.date.available2020-10-06T07:28:16Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2681240
dc.description.abstractTal frå Utdanningsdirektoratet viser at andelen av minoritetsspråklege barn i barnehagen stig. I 2019 var det 52300 minoritetsspråklege barn i norske barnehagar. Det er ein auke på 2,7 prosent frå 2018. Totalt er det 19 prosent av barn i norske barnehagar som er minoritetsspråklege. Dei siste 10 åra er andelen minoritetsspråklege barn i barnehagar nesten dobla (Utdanningsdirektoratet, 2020). Det vil også seie at det vert fleire minoritetsspråklege foreldre i barnehagen som dei tilsette må kunne forholde seg til. "Barnehagens samfunnsmandat er, i samarbeid og forståelse med hjemmet, å ivareta barnas behov for omsorg og lek og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling" (Utdanningsdirektoratet, 2017, s. 7). For at det skal bli eit godt samarbeid mellom tilsette og foreldre er det viktig med god kommunikasjon. Dette kan bli ein utfordring dersom språket står i vegen. I temahefte om språkleg og kulturelt mangfald står det at det er viktig at personalet utviklar gode arbeidsmåtar for kommunikasjon mellom barn og vaksne som ikkje delar det same språket (Gjervan, 2006, s. 37). Sand informerer at det er om lag 150-200 minoritetsspråk som er representert i Noreg i dag. Det som er felles med alle dei minoritetsspråklege er at dei har eit anna språk enn norsk som sitt første språk (Sand, 2008, s. 109). Temaet foreldresamarbeid med minoritetsspråklege foreldre blir derfor meir aktuelt i dagens samfunn, då minoritetsspråklege barn aukar i norske barnehagar. Eg valde dette tema fordi eg meiner foreldresamarbeid er spanande og interessant. Eg har også gjennom min erfaring synest at foreldresamarbeid kan vere litt vanskeleg. Eg vil derfor lære meir om dette slik at eg kan bli tryggare på tema. Det er i tillegg eit tema som blir meir aktuelt, då det blir fleire minoritetsspråklege foreldre i dei norske barnehagane. I rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver frå 2011 I møte med foreldre med minoritetsspråklig bakgrunn har barnehagen et spesielt ansvar for at foreldrene har mulighet til å forstå og gjøre seg forstått i barnehagen. Å møte foreldre fra ulike kulturer, både innen det norske samfunnet og fra andre land, krever respekt, lydhørhet og innsikt. Dette forutsetter at personalet er bevisste og tydelige i egen yrkesrolle og trygge på egen kompetanse (Utdanningsdirektoratet, 2011, s. 15). Eg vil i denne oppgåva sette fokus på kommunikasjonen mellom tilsette og minoritetsspråklege foreldre. Kva er det som gjer kommunikasjonen god? Kva er det som skal liggje til rette for god kommunikasjon? Eg vil undersøke kva tilsette og minoritetsspråklege foreldre kan gjere for å skape god kommunikasjon med kvarandre. Mitt val av tema vil hjelpe meg å få meir kunnskap om korleis tilsette arbeider med å skape den gode kommunikasjonen med minoritetsspråklege foreldre. Min problemstilling er: Kva skapar ein god kommunikasjon mellom tilsette og minoritetsspråklege foreldre?en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherDronning Mauds Minne Høgskoleen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.titleForeldresamarbeid med minoritetsspråklege foreldre i barnehagenen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.rights.holderElisabeth Kronstad Sørheimen_US
dc.source.pagenumber37en_US
dc.description.localcodeBHBAC3920en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal