For syngarar og gyngarar
Bachelor thesis
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3170037Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Openheita til verda rundt oss som ligg eit «kva kan det vere»-spørsmål er inspirerande, og eg ville nærma meg masterprosjektet med same openheit. Eg hadde også vilje til å la problemstillinga og hovudtema koma til meg i prosessen utan å vere låst frå start. Som eg har gjort greie for i innleiinga tok prosjektet mitt utgongspunkt i ei nyfikenheit rundt korvidt barnehagekor er ein utbreidt praksis og korleis barnehagekoret kan fungere som musikalsk arbeidsmåte. Eg knadde mykje og lenge på ulike måtar å formulere problemstillinga, ho var difor lenge svært stor og open, og innebar om lag alle spørjeord i boka; kva, kven, korleis og kvifor. Den endelege formuleringa av problemstillinga opnar framleis for mange moglegheiter og retningar, samstundes som ho også avgrensar feltet til noko det er både mogleg – og vonleg nyttig - å finne svaret på: Korleis kan barnehagekoret vere ein god arbeidsmåte i barnehagar sitt arbeid med musikk?