Liten og ny i barnehagen
Bachelor thesis
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2825000Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I 2020 gjekk 84% av barn mellom 1 og 2 år i barnehage (Statistisk sentralbyrå, 2021). Dette er ein stor del av barna på denne alderen. At barna startar i barnehagen i så ung alder er noko som stadig blir diskutert om er bra for dei. Både fagpersonar innanfor ulike yrker og foreldre har ei meining om det. «Det er uforsvarlig å sende ettåringer i barnehagen» «Ettåringer i barnehagen er et sosialt eksperiment», «Avviser at ettåringer tar skade av å vere i barnehage» og «Det er trygt å starte i barnehagen som ettåring» er overskrifter som dukkar opp i diskusjonane rundt temaet (Google, 2021).
Dei yngste barna i barnehagen er eit aktuelt tema som stadig engasjerer. Ettersom det er så mange så unge barn i barnehagen er det viktig å ha ein god kvalitet i oppstarten for barna. For å finne ein god modell for tilvenning for eittåringane i barnehagen har Trondheim kommune sett i gang prosjektet «Liten og ny i barnehagen» der dei har som mål å utvikle ein forskingsbasert modell for tilvenning i barnehage (Liten og ny i barnehagen, 2018).
Dette temaet fatta interessa mi, og eg har derfor valt å belyse problemstillinga: Kva erfaringar har personalet i barnehagen med deltaking i prosjektet «Liten og ny i barnehagen»?