Barnehagen som mangfoldig arena
Abstract
Kvar bacheloroppgåve er fokusert rundt ei problemstilling knytt til temaet ein har valt å undersøke (Bergsland & Jæger, 2014, s. 58). Når det var på tilde og velje problemstilling gjekk eg først mykje fram og tilbake og var usikker på kor mykje eg ønska og nytte by og bygd perspektivet. Eg lurte først på om eg skulle samanlikne korleis vi arbeida med mangfald i bygd og by, men eg gjekk seinare vekk frå dette. No er eg interessert i å undersøke korleis ulike barnehagelærarar arbeider med mangfald, og om den geografiske plasseringa påverkar kor mykje og på kva måte dei jobbar med dette. Til slutt kom eg fram til at eg ønska og nytte bygd og by perspektiva for og undersøke korleis barnehagar fremja arbeida med mangfald og om en geografiske plasseringa påverka utfordringa og moglegheiter.
Til slutt enda eg opp med denne problemstillinga:
Korleis arbeider barnehagar i bygd og by med kulturelt og religiøst mangfald, og kva utfordringar og ressursar opplever barnehagelærarar i desse miljøa?