Å møte det fleirkulturelle Norge: korleis kan kulturkompetanse være avgjerande i dagens barnehage?
Abstract
Det Norge vi lever i no er eit resultat av kontinuerleg globalisering og auka innvandring. Gjennom århundre med samhandling mello, ulike land, folkeslag og kulturar har nordmenn danna seg ei oppfatning av kva dette landet betyr. Frå vikingtokter for tusen år sidan, via det store innrykket av flyktningar i 2015 og fram til i dag har samfunnet vårt utvikla seg, og med dette også forståinga vår av ordet mangfald.
Noreg er eit land med eit mangfald av menneske, religion, levesett, tankesett, familiesamansettingar, verdiar og haldningar i livet. Dette mangfaldet gjenspeglast i barnehagen. Spernes og Hatlem skriv det så godt: Norge har alltid vært et flerkulturelt samfunn, men dagens samfunn har et enda større mangfold av språk- og kulturbakgrunner enn tidligere på grunn av økt flytting over landegrenser. Dette krever at ansatte i barnehagen har en kompetanse i mangfoldspedagogikk som bidrar til å gjøre barnehagen til en møteplass for fellesskap og deltakelse (Spernes, K. & Hatlem, M. 2019. s. 13).
I denne oppgåva vil eg fokusere på omgrepet mangfald i barnehagen og betydninga av bevisstgjeringa rundt dette omgrepet i samspel med ein fleirkulturell praksis.
Eg vil fokusere på kva bevisstgjeringa rundt fleirkulturell forståing og praksis kan innebere – kva utfordringar og moglegheiter som inngår i denne utviklinga. Eg skal difor rette blikket mot kva mangfald kan vere og kva ein fleirkulturell barnehage inneber. Bevisstgjering av eigne haldningar i møte med menneske er noko av det viktigaste arbeidet ein gjer i barnehagen. I Rammeplanen (2017) kjem det fram at: «Barnehagen skal fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på. Samtidig skal barnehagen gi felles erfaringar og synleggjere verdien av fellesskap. Barnehagen skal vise korleis alle kan lære av kvarandre, og fremje nysgjerrigheit og undring over likskapar og forskjellar.» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 9).
Sitatet skildrar korleis barnehagen er pålagt, og dermed skal, fremje mangfaldet. Vidare kjem det fram at barnehagen også skal gi felles erfaringar. Dette krev vaksne som er kompetent i kva desse skilnadane og likheitene inneber - kva mangfaldet inneber. Barnehagane treng tilsette som søkjer mangfaldskompetanse og ein fleirkulturell praksis. Det er for barnas beste at vi skal vere på vårt beste.